«Ein må ha minimum to tankar i hovudet samtidig»
Kommunen har vedteke at den nye skolestrukturen/ organiseringa skal vere ein 1.-10. skole. Lokalisering er ikkje bestemt enno. I all planlegging og nybygging bør: Berekraft, gjenbruk og miljø vere gjennomdiskutert med alle brukarar før ein tar beslutningar og gjer vedtak.
NB: I alle diskusjoner gjeld det og å ha minimum to tankar i hovudet samtidig.
Kunnskapsministeren la i sept -24 fram Stortingsmelding nr 34:
« En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5. til 10.trinn.»
I denne meldinga legg kunnskapsministeren/regjeringa fram eit nasjonalt program for ein meir praktisk skole. Problema for mange skolar i dag er at dei manglar utstyr og lokale.
Nytt: Valgfag på barnetrinnet og arbeidslivsfag på ungdomstrinnet.
Kompetanse og kompetanseutvikling for lærarar.
Kvar skal skolen ligge?
Her er det to alternativ:
1. Ny 1-10 skole ved Barhaug ev Sødorp.
2. Gjenbruk av Sødorp skole og delar av Vinstra u-skole.
Tidlegare tilsette ved Vinstra ungdomsskole har diskutert og orientert seg om kommunen sine planar.
Vi viser til St.melding nr 34, om ein meir praktisk skole for 5-10 trinn, og tenkjer dette som ei god løysing.
1.-4.- trinn på Sødorp skole. Totalt 151 elevar i 2024-25.
5.-10. trinn på Vinstra u-skole. Totalt 334 elevar i 2024-25.
For å følgje opp St.melding nr. 34 krevst det rom med spesielle føresetnader. Vi meiner at her er VUS godt utrusta, der er det........
© Dølen
