Idrett er også politikk
Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Spørsmål om idrett og politikk er eit stadig tilbakevendande tema. Russland er utestengt frå all internasjonal fotball på grunn av sitt ansvar for krigen i Ukraina, mens ein viss kronprins Mohammed Bin Salman i Saudi-Arabia, fordi han vil vise fram sitt flotte rike til verda. Då er idretten fin å ty til, liksom det var for regimet då Kina heldt OL for ei tid sida. Menneskerettsbrot og likvidasjonar er glømt, for ei stund, og kringom kjem stadige debattar om boikott både av den Internasjonale Olympiske Komité og FIFA, som for mange skuldast for å forvalte blodpengar.
Idrett og politikk hører saman og har alltid gjort det. La oss ta nokre døme. Mussolini arrangerte to VM i fotball på 30-talet og brukte det til å samle Italia og for auke prestisjen til fascist-Italia. Det same prøvde den argentinske militær-juntaen i 1978. Den gang var det berre reelle diskusjonar i Frankrike om boikott av VM, fordi militærjuntaen og president Varela i Argentina stod ansvarleg for mellom 20 og 30 000 forsvunne politiske motstandarar mellom 1976 og 1983. I Argentina fekk VM-tittelen det året folk i landet til å legge kritikken av regimet til sides for ei stund, og dei vart sittande gjennom Falklandskrigen til 1983.
At fotball skaper........
© Avisa Nordland
