menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Institusjonsmat og ordentleg mat

9 6
11.07.2025

Debattinnlegg

Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg syns det er vanskeleg å eta nok når eg ikkje har det bra. Kvalmen sit som ein klump i halsen, og maten byr meg i mot. Dersom eg gjev opp matlaging og kjøper frossenpizza eller Fjordland til middag blir det berre verre. Skal eg få i meg mat må det vera ordentleg mat. I dårlege tider har røyka torsk med gulrotstuing og gulløyepoteter vore livgjevande.

For nokre år tilbake intervjua eg eldre folk i Nord-Noreg om korleis det var å bli gamal og ha bruk for hjelp. «Æ kainn ikkje klage», sa ei kvinne frå Steigen då eg spurde korleis det var å bu på omsorgsbustad. Men ettersom me snakka i lag kom det fram at det var mange ting ho sakna. Den som kunne ha fått kokfesk til middag! Ho var vaksen opp med å eta fisk rett frå fjorden kvar einaste dag. Det er ordentleg mat! Men på omsorgsbustaden fekk dei stort sett servert kjøttfarseprodukt til middag. Frå Tana høyrde eg andre historiar om «ordentleg mat». Det var fleire eldre folk i bygda som hadde fortald at dei grua seg til å koma på sjukeheim på grunn av maten. Kokt reinkjøt var ordentleg mat for dei, og det vart ikkje servert på sjukeheimen.

På nokre av dagtilboda i kommunane derimot, laga dei ordentleg mat. Ein eldre mann som levde med demens kunne likevel læra dei andre korleis ein skulle tørka og røyka reinkjøt. Ei anna gruppe laga mat i lag kvar einaste veke, til dømes seikoking – fersk fisk og lever rett frå fjorden. Det var mat å bli mett av; det var ordentleg mat!

Ordentleg mat trong ikkje alltid vera tradisjonsmat. Om våren laga dei brenneslesuppe – suppe av “ugras” - og det var det ikkje så mange som hadde vore van med frå gamalt av. Men det er ordentleg mat likevel. Laga frå grunnen, laga i lag, og alle hjelpte til med prosessen; med nyvaska hender skar folk opp grønsaker og rørte i grytene.

Kvifor leverer ikkje lokale fiskarar til sjukeheimane på Nordlandskysten? Kvifor leverer ikkje reindriftsutøvarane i Finnmark slakt til storkjøkkena i kommunen? Når halve bygda fiskar meir ørret enn dei kan eta og plukkar meir enn ein frysar full med molte, kvifor kan dei ikkje levera på sjukeheimane? Kvifor kan ikkje dei av oss som er gamle like godt få ordentleg mat når maten er å finna like utføre dørstokken?

I eit forskingsprosjekt om berekraftige institusjonskjøkken har Nordlandsforsking, i samarbeid med Hamarøy, Sørfold, Fauske, Saltdal, Beiarn, Meløy og Rødøy, undersøkt barrierar og........

© Avisa Nordland