menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Det er mykje nynazistisk ideologi ikkje har forstått om vikingtida

33 0
30.06.2026

Ei ny vikingtid? Fotballvikingen som globalt fenomen

Kristin Armstrong-OmaDirektør ved Arkeologisk museum, UiS

Det er mykje nynazistisk ideologi ikkje har forstått om vikingtida. Det å dra i viking og ha vikingtidentitet var ikkje eksklusivt skandinavisk.

Herrelandslaget i fotball herjar på banen i VM og skaper både begeistring, bølgjer og furore med trøyer med runeinspirert skrift og sitt fotoshoot kledt som krigarar på vikingtokt. Sannsynlegvis er dei stasa opp på ein måte som er langt frå korleis folk i vikingtida ville ha gått rundt til vanleg, men så er det jo trass alt ikkje vanleg at Noreg kjem til fotball-VM.

Slagordet “The Vikings are coming” er omfamna av fanskaren som ror både på tribunane og på Times Square. Til og med kronprinsbarna ror, og for mange har det blitt ein skikkeleg kul greie.

Andre oppfattar fotballvikingen som ikkje berre provoserande, men nesten farleg, og ord som “hypermaskulinitet” og “griseharry” svirrar i eteren. Å skulda dei “nye” vikingane for å lefla med nynazisme og kvit superioritet er etter mi meining ikkje innafor. Det er ei grunnleggande misforståing av fenomenet.

ap-quoteViking var dermed ikkje ein etnisk identitet, men var noko ein gjorde — det å dra i viking var å dra på tokt.

Som arkeolog og leiar for ein institusjon som forvaltar, forskar på og formidlar det me kan kalla for vikingarven, synest eg det er fabelaktig at herrelandslaget leiker seg med........

© Aftenposten