menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Korleis vil staurane ligge på skuldra til Støre framover?

15 0
22.09.2025

GJESTEKOMMENTAR: Blir det stabilt Støre-styre? Eller ventar fire år med raudgrønt kaos?

Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS

I valkampen verka frontane mellom venstre- og høgresida uvanleg harde. Påstandar om løgn og desinformasjon sat laust, kanskje som eit varsku om mørkare tider hos oss også i politikken framover.

Internt i blokkene såg det ikkje særleg mykje betre ut. Dei indre spenningane og statsminister-rotet kan ha kosta dei borgarlege valsigeren. På motsett side er raudgrønt samhald berre eit vagt minne. Senterpartiet har briska seg som om forhandlingar alt har starta – vippemakt skal utnyttast, koste kva det koste vil.

Ingen går i fakkeltog for heilskapen, som ein uroleg sjukehusdirektør frå Oslo nyleg sa. Var det dei mindre synlege, men for oss alle avgjerande heilskapsinteressene som var den eigentlege taparen ved dette valet? Eller kan ein ny type politisk «slalåm-stabilitet» oppstå?

Han som har vore statsminister i lengst tid for Senterpartiet, Per Borten, måtte gå av i 1971 etter å ha leia ei fleirtalsregjering med Sp, KrF, Venstre og Høgre sidan 1965. Det var EU-saka (då EF) som låg under den gongen også. Bonden Borten samanlikna å vere i regjering saman med andre parti med å bere staurar. Når staurane ligg fint saman, går det........

© Aftenbladet