Dieselbrølet viser korleis sosiale media spelar ei ny rolle i demokratiet
DieselBrølet møter Habermas
GJESTEKOMMENTAR: Kva ville vår tids største politiske tenkjar ha sagt om DieselBrølet?
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
Den 20. mars vart Facebook-gruppa Dieselbrølet starta av Kay Omland frå Kvinesdal og andre som reagerte mot høge drivstoffprisar. Gruppa vaks raskt og har no eit par veker etterpå nærare 40 000 medlemmer. Leiaren Jan-Erik Rafoss i Dieselbrølet vart invitert til NRK debatten den 26. mars for å fortelje om køyr sakte aksjonane gruppa skulle ha dagen etterpå, fredag i helga før påske.
Det er jo ikkje sikkert at dei som roper høgast, har mest rett. Eg trur denne saka viser noko urovekkjande om sosiale media og demokratiet.
På Stortinget derimot gjekk det ikkje sakte – før den stille veka rakk Stortingsfleirtalet (Høgre, Frp, Sp og KrF) å bryte fartsgrensa for normal saksbehandling, audmjuke regjeringa og løyve 6,7 milliardar for å få lågare drivstoffprisar. Summen svarer til kva til dømes gratis barnehage for alle norske barn ville ha kosta. Om våpenkvila mellom USA og Iran no varer og oljeprisen held seg lågare, vil vedtaket sett i ettertid arte seg som forhasta.
Løyvinga braut truleg reglane for korleis Stortinget skal opptre, ifølgje Høgre-veteranen Michael Tetzschner. «At slike kostbare og opportunistiske forslag kan få fleirtal utan elementære........
