menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Med hormontablettar vart livet mitt betre

15 0
28.04.2026

Med hormontablettar vart livet mitt betre

DEBATT: Med hormontablettar vart livet betre, men det handlar om meir enn medisinar. Me må snakka meir om kvinnehelse når me snakkar om sjukefråværet. Det handlar også om arbeidsliv, leiing og kultur.

Anne Kristin BrunsGruppeleiar, KrF

Hjernetåke, hukommelsestap, sveittetokter, hjartebank, irritabilitet og søvnløyse. Eg trudde eg var alvorleg sjuk – at eg hadde hjarteproblem eller begynnande demens. I realiteten var eg i overgangsalderen.

Det tok fleire år før eg fekk hjelp. Med hormonbehandling – og kunnskap – vart livet betre. Men det viktigaste var å bli trudd.

Difor er det vanskeleg å forstå at kvinnehelse framleis er nesten fråverande når vi diskuterer sjukefråvær.

Kvinnehelse gjeld halvparten av oss – kvifor snakkar vi ikkje om det?

I Stavanger Aftenblad 23. april vart Energiseminaret 2026 omtalt: Vi må få ned sjukefråværet, vi treng fleire i arbeid. Eg er einig. Men kvinnehelse var ikkje........

© Aftenbladet