menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Vi klarte ikke å holde latteren tilbake. I dag får jeg dårlig samvittighet

18 0
18.03.2026

Skrivekonkurranse: Noen ting skjer bare én gang i livet. Les hvordan du deltar her!

Eg sat rundt eit bord i konfirmanttida mi saman med dei andre. Framfor oss låg biblar, og vi skulle lese høgt etter tur. Det var litt høgtideleg, men også litt spent og småfnisete slik det ofte er når ungdom prøver å vere både alvorlege og avslappa samstundes.

Eg hugsar spesielt ein gut ved bordet. Eg syntest han var både kjekk og litt tøff. Ei anna jente ved sida av meg syntest det same og vi følgde ekstra godt med då det vart hans tur til å lese.

Han byrja, men orda kom ikkje slik vi venta. Han stoppa opp, byrja på nytt, leita litt etter neste ord. Det var stotring og pausar, og lite flyt i lesinga.

Eg såg bort på den andre jenta. Ho såg på meg.

Et norsk pass. Et annet regelverk

Vi trudde han fleipa. At han gjorde seg litt til, slik ungdom somme tider gjer når dei les høgt. Det verka nesten som ein liten sketsj for oss, og vi klarte ikkje halde latteren tilbake.

Så gjekk åra. Livet vart større enn konfirmantrommet. Eg vart vaksen, og etter kvart møtte eg menneske med dysleksi. Eg høyrde korleis lesing kan vere tungt arbeid for nokon, korleis orda ikkje alltid vil samarbeide, og korleis flyten kan stoppe opp sjølv om ein gjer sitt beste.

Då kom minnet tilbake til meg.

Kanskje fleipa han ikkje i det heile teke. Kanskje gjorde han berre så godt han kunne den dagen rundt bordet.

Skrivekonkurranse: «Fortell oss om noe du aldri glemmer!»

Eg har tenkt på det fleire gonger sidan, og kjent på eit dårleg samvit.

Ein dag fortalde eg historia til ein som sjølv snart skulle konfirmerast. Eg sa at eg framleis kan kjenne eit lite stikk når eg tenkjer på det minnet.

Han høyrde roleg på før han sa:

– Kanskje du kan sende han eit brev og seie unnskyld. Og kanskje han ikkje hugsar det ein gong.

Det var meint som trøyst. Og brått gjekk det opp for meg at det mest sannsynleg er slik. Det som har festa seg i minnet mitt i alle desse åra, kan godt vere ein liten episode som han aldri har tenkt meir på, medan eg, eg gløymer det aldri. Han gjorde sitt beste, det gjorde ikkje vi. Det ligg noko i det, gjer det ikkje?

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!


© Adresseavisen