Toler ikkje egoet ditt at andre plogar? Grav deg ned i tide!
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): I Oslo har dei starta ein underleg skidiskusjon, som ikkje kunne ha oppstått nokon som helst annan plass i heile verda.
Det er i Aftenposten det skjer.
Diskusjonen går ut på om det er lov å ploga i ei skiløype eller ikkje. Etter at forfattar Simen Sætre kasta den første steinen, har til og med statsministeren meldt seg på.
Sett frå Bergen, ein by der marka er vertikal, snøen forsvinn fortare enn han kjem, og ein må setta både eige og andre sitt liv på spel, i slalåm mellom flokkar med cruiseturistar som går til fots i skiløypa, framstår debatten som, ja, ein smule smal.
Om lag like smal som skiene som austlendingane vert fødde med.
Ikkje kom her og tru at det berre er austlendingar, og for den del trønderar, som er fødde med ski på beina.
Nei! Eg er fødd med ski på beina eg òg. Men ikkje sånne smale pinnar som ein brukar i Marken, beklagar Marka. Om du lurte, skulle faktisk bestefaren min ha hoppa i Holmenkollen. Om det ikkje hadde vore for krigen, då.
Les kommentaren: Skjebnetid for NRKs «Debatten»
Nei, mange av dei som vert fødde med ski på beina på Vestlandet, men òg i Nord-Norge, kjem ut av mors liv med stålkantar, kandaharbindingar, skinnstøvlar, og i nyare tid søkestong fastmontert på sekken.
Denne typen nordmenn er nemleg ikkje utstyrte for raske taktomslag, dobbeltdans, eller for å ta seg fram i trikkelinjespor.
Nei, dei er utrusta for å komma seg opp bakken, og aller helst overleva på veg ned igjen. Uansett kor bratt det er.
Så til dette med........
