«Ja, konsulentar kostar skjorta. Og det er berre å opna pengeboka»
Ja, konsulentar kostar skjorta. Og det er berre å opna pengeboka
Det er betre å punga ut her og no, enn å tynnslita kompetansen Alver har over tid, meiner Strilen-journalist Tobias Lucey i dette innlegget.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Synspunkt: Eg ser det nesten kvar gong eg opnar kommentarfeltet på ei sak om kommunen, og spesielt dei som varslar kutt og innsparingar.
Kommunedirektøren og hans stab, og politikarane, må tola dei mange harde adjektiva som vert brukte til å skildra dei. Eit av dei som går att er «inkompetent».
Dei vert skulda å ikkje forstå kor viktige skulane er for lokalsamfunn. At det er ugunstig å senda elevane timevis med buss for å koma til skulen og heim kvar dag. At å skjera ned kulturtilbodet til eit minimum kan få konsekvensar.
Slapp av, alt dette er komfortabelt innanfor ytringsfridommens rammer.
Det er likevel ikkje ytringsfridom innlegget skal handla om. Det skal handla om det dei same folka kommenterer i neste sak – som nemnar bedriftsnamn som Alver-innbyggjarane har vorte godt kjende med med tida.
Namn som Norconsult og PwC.
Der er meininga også krystallklar: Sidan Alver er på randa til å vera bankerott, så kan dei ikkje bruka pengar på dyre konsulentar. Kommunedirektøren og politikarane må gjera desse utgreiingane sjølve.
Så om eg då forstår desse kommentarkrigarane rett, så skal administrasjonen og politikarane (som me har forstått er inkompetente) altså løysa desse komplekse reknestykka for eiga maskin?
Her er det ein logisk brest av dimensjonar.
Samstundes slit Alver med eit kjent «bygdeproblem»: At kompetansen reiser til byen, og er vanskeleg å henta heim. Spesielt gjeld dette kommunal sektor, og sjølv om varselbjøllene kanskje ikkje ringar hardt for administrasjonen sin del, er det ikkje utenkjeleg at dei ikkje har flust av folk å velja mellom.
Høg kompetanse = høg løn. Sidan dei fleste administrasjonsfag krev høgare utdanning vert det til slutt ei klekkeleg utgift dette òg. Og ein kan ikkje berre sparka desse når oppgåva er fullført.
Då er det greitt å kunne be om hjelp, og betala kva det kostar for å få hjelpa ein treng her og no.
Alver er ein stor kommune, og ein mellomstor ein i folketal. Med rett over 30.000 innbyggjarar i 2025, kan kommunen komfortabelt samanlikna seg med mange rundt til dømes Oslo.
Arbeidsmengda i administrasjonen, og trengselen for å møta krava til innbyggjarane, vert deretter. Politikarar? Dei driv med politikk på deltid.
Ber ein administrasjonen løysa alle desse svært komplekse reknestykka på eiga hand, så kan det i verste fall halda opp kapasiteten til administrasjonen, slik at dei ikkje får ytt servicen innbyggjarane treng frå dag til dag.
Kommunale byråkratar er folk dei òg. Folk som treng armslag og pusterom. Folk som vert overarbeidde om dei får for mykje på seg, på ein og same gong. Då går det ut over kvaliteten på arbeidet deira.
Så mitt syn er enkelt: Kast meir pengar etter konsulentane. Slik sikrar me at arbeidet vert gjort, vert gjort fort, og er kvalitetssikra nok til å støtta Alver i den krevjande tida kommunen har i mente.
Tobias Lucey, journalist i Strilen
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
