«Spenner bein under ungdommen vår»
Distriktskulane i Nordhordland må få leve
Så er du endeleg 16 år og skal velja kva retning du skal ta i vidaregåande opplæring. Dette er eit val som kan følgja deg resten av livet. Høyrest det massivt ut? Det er det.
Lene Lundervold Storheim
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Du ønskjer å gå saman med jamaldra, men det er vanskeleg å velja. Du landar på at det er viktig å få bu heime, slik at du kan halda god kontakt med venene dine, og vel derfor studiespesialisering på nærskulen din.
Etter at du har søkt, les du i avisa at linja du har valt, er foreslått lagd ned, og du må brått byrja å tenkja på nytt. Kva skule vel du no? Når skal du skaffa deg hybel? Klarer du å halda fram med fritidsaktivitetane dine? Dette blir verkelegheita til hausten.
Så er du snart 17 år. Du var heldig og kom inn på studiespesialisering på nærskulen din og har snart fullført Vg1.
Det har vore tøft, og du har ikkje fått dei beste karakterane, men du har gjort ditt beste og lærarane........
