Fredssak er ikkje "putinisme"!
Dersom det å krevje fred i Ukraina, Palestina og elles i verda, samt stans i opprustinga er "putinisme", må jo dei som hevdar dette meine at Putin er for fred?
Kva er det som er så ekstremt med desse synspunkta at dei ikkje kan tolast i Noreg i 2025:
• Krigen i Ukraina må avsluttast med forhandlingar og forhandlingsløysing betyr nødvendigvis eit kompromiss.
• NATO burde ha halde løftet sitt frå 1990 om å ikkje utvide austover.
• Folkegrupper må ha retten til sjølv å avgjøre kva stat dei vil høre til. (Også om dei skulle velje ein stat vi ikkje likar, som dei gjorde på Krim.)
• Sikkerhetspolitikk betyr ikkje å presse motparten mest mogleg tilbake, men å anerkjenne at han og har legitime sikkerhetsbehov.
• Norske militære og norske våpen skal ikkje brukast til krigar i andre land.
• Noregs viktigaste allierte er verdas største imperialistmakt og eit trugsmål mot folk og land over heile verda.
• Det norske oljefondet må trekke seg ut av Israel.
• Det bør ikkje vere amerikanske basar i Noreg eller........
© Ságat
