Kongen har meir makt enn vi trur
Politikarar og journalistar snakkar mykje om kva Kongen kan og ikkje kan gjere etter Grunnlova. Langt mindre blir det snakka om den indirekte makta – eller innverknaden – som ligg i å kunne stille dei rette spørsmåla til dei som styrer landet.
Kongen har «dei lange linjer» over mang ein statsråd og statsminister og så lenge han tjener «folket» er han « folkets statsrevisor» ovanfor den dagligdagse politiske usemje og bidreg å styrkje demokratiet.
Kongen treng nemleg ikkje gi ordre for å få noko til å skje.
Av og til er det nok at han lyttar – og spør.
Eg fekk sjølv oppleve dette på slutten av 1990-talet.
Porsanger kommune, med underteikna, ordføraren og ein representant for den kvenske minoriteten i Noreg, fekk audiens hos kong Harald.Kongen viste stor interesse for situasjonen til kvenane. Audiensen vart faktisk utvida fordi han ønskte å høyre og lære meir.
Det mest interessante skjedde etterpå. Ved eit seinare statsråd på Slottet skal kong Harald ha spurt statsminister Kjell Magne........
