Er dette Noreg verdig?
I 2023 fekk Riksmålsforbundet 1.775.000 kroner i statstilskot frå staten. I tillegg fekk dei pengar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet – eit statleg organ som forvaltar store delar av spelemidla. Totalt snakkar vi om millionar i offentleg støtte kvart år til ei språkleg rørsle som spring ut frå dansk tradisjon.
Dette skjer medan det berre er ein handfull personar att i Noreg som snakkar skoltesamisk – eitt av dei offisielt anerkjende språka i landet vårt. Det norske skoltesamiske, ein språkleg og kulturell skatt som har overlevd krig, kolonisering og tvangsflytting, står no heilt på randa av utsletting – utan å få den støtta det treng. Kva seier det om språkpolitikken i Noreg?
Riksmål er ikkje eit offisielt språk. Det er ein gammal, konservativ variant av bokmål – i stor grad arva frå dansk. Bokmål/riksmål er allereie fullstendig dominerande i skule, media og forvaltning. Det treng ikkje meir støtte. Tvert imot: Språket og ideologien Riksmålsforbundet har fremja, har i over hundre år bidrege til å fortrengje dei ekte norske........
© Ságat
