menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ein kamp mot systemet

17 0
28.07.2026

Ein kamp mot systemet

Medan byråkratar greier ut og moralistar hojar, døyr folk i norske gater.

Eg har erfart korleis systemet motarbeider dei tiltaka som faktisk reddar liv, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.)

​I juni skjedde det som ikkje skulle skje. Foreininga Tryggare Ruspolitikk måtte stengja dørene til analysetenesta si i Oslo.

Etter fire år med pionerdrift på lånte midlar, tomme lovnader og dugnad var eigenkapitalen brukt opp.

Tenesta som avslørte livsfarlege nitazener og hindra overdosar før dei skjedde, er borte.

​Dette er ikkje berre ei økonomisk krise for ein enkelt organisasjon. Det er det ferskaste symptomet på ein djup, systemisk og historisk svikt i korleis vi behandlar dei mest sårbare i samfunnet.

​Eg har 35 års erfaring frå ulike leiarstillingar innan rusfeltet i Noreg, og har arbeidd tett opp mot dei ansvarlege rus- og helsepolitiske miljøa på ministernivå og dei tilhøyrande forvaltingsmessige systema.

På nært hald har eg erfart korleis systemet motarbeider dei tiltaka som faktisk reddar liv.

«Vi har ikkje tid til fleire utgreiingar.»

«Vi har ikkje tid til fleire utgreiingar.»

​For nesten tjue år sidan uttalte dåverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen at dei mest slitne rusbrukarane ikkje berre sit nedst ved bordet i møte med det offentlege Noreg – dei ligg under........

© NRK