Ein trygg båtsommar er ein god båtsommar
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kyst- og båtlivet er noko av det vakraste Sommar-Noreg har å by på, men alkoholbruk på sjøen kan skape uheldige og til og med farlege situasjonar.
Vi er stolte av kysten vår og alle dei fantastiske moglegheitene han byr på. Som båt- og sjøliv. I Noreg er det rundt 1 million fritidsbåtar. Sommar og båtliv er årets høgdepunkt for mange!
Men medaljen har ei bakside. I ei undersøking som Ipsos har gjort på vegner av Av-og-til, seier 15 prosent i Bokn og 18 prosent i Tysvær at dei i løpet av dei siste to åra har sete på i fritidsbåt med ein båtførar som har drukke alkohol.
Det er alvorleg, for vi veit at alkohol aukar risikoen om bord. Alkohol gjer oss rett og slett til dårlegare båtførarar. Vi blir mindre konsentrerte og følgjer dårlegare med, og vi får lengre reaksjonstid.........
© Haugesunds Avis
