– Eg trur at dei fleste forstår at det er slitsomt
Eg hadde ikkje tenkt å dele offentleg mine tankar om turvegen til Innerdalen. Men eg tykkjer eg må det no, sidan det blir lagt ut ganske einsidig informasjon på Facebook om dette, og vi som har vegrett gjennom tunet blir framstilt offentleg som om vi ikkje gjer anna enn å kjøre.
For å gjere det heilt klart:
Eg har foreslått sti til turgåerne for Jørgen Singsdal første gong i 2006, for 20 år sidan, da trafikken auka merkbart etter eit program på NRK samme vinter.
I fjor var det 59 gonger (5800%)fleire passeringer av gående enn det er av kjøretøy forbi tunet (ca 25000 gjester som blir telt på tur og retur, og ca 850 passeringer med kjøretøy, fra 1. mai til ut september).
Det er Verneområdeforvaltninga som har persontellere på stier i verneområde, og i fjor vart det også satt opp bilteller for å få fakta på bordet.
At det blir framstilt som at biltrafikken er eit like stort problem som alle turgåerane er dermed heilt urimeleg å påstå.
Sti til turgåere forbi tunet ligg inne i forvaltningplana til........
