Tryggleik framfor risiko: Derfor treng me 16-årsgrense på elsparkesykkel
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Elsparkesyklane har på kort tid blitt ein del av kvardagen til mange av oss. Dei gjer det lett å koma seg raskt rundt, anten det er til skule, jobb eller fritidsaktivitet.
Det er i utgangspunktet positivt.
Men samstundes ser me ei utvikling som bør bekymre oss: Altfor mange blir skadde.
Tala frå Oslo skadelegevakt er tydelege. I fjor måtte over 1.500 personar få behandling etter ulukker med elsparkesykkel. Heile 217 av dei var barn mellom 12 og 15 år.
Bak kvart tal finst det ein ungdom som har slått seg, ein familie som har blitt engsteleg og helsepersonell som må ta hand om skader som kunne vore unngått.
Difor vil Arbeiderparti-regjeringa heve aldersgrensa for elsparkesykkel frå 12 til 16 år.
For meg handlar dette først og fremst om tryggleik. Me skal ynskje nye transportløysingar velkomne, men me kan ikkje sitja stille og sjå på at stadig fleire barn blir skadde. Når utviklinga går feil veg, må fellesskapet vera villig til........
