menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Kjemp mot dei vonde tankane

8 1
monday

I vår tid ser vi ein epidemi av tungsinn, uro og angst. Fleire slit psykisk, og særleg gjeld det dei unge. Vanlege råd frå helsemyndigheitene går ut på å eta sunt, få nok søvn, ha gode sosiale relasjonar og unngå for mykje skjermbruk.

Dette er gode ting, og ofte heilt naudsynte grep å ta. Men utan den åndelege dimensjonen kan det aldri bli heilt godt. Både helsemyndigheitene og dei fleste som gir råd, opererer ut frå eit materialistisk verdsbilete. Der er sjela eit framandord, og der finst det heller ikkje gode og vonde åndsmakter som påverkar korleis vi har det.

Når vi som kristne veit at det finst ei åndeverd, vert løysingar som ikkje tek omsyn til denne dimensjonen mangelfulle. I 1 Samuelsboka (kap. 16, 14) ser vi at ei vond ånd gav kong Saul angst. Berre når David spela på harpa si for kongen, letta det litt. Sjalusi, raseri og hemnlyst var andre følgjer av denne åndelege plaga.

I Markus-evangeliet (kap. 9) ser vi også at den vonde ånda hadde både fysiske og psykiske effektar på guten som var ramma. Stundom stivna han til, andre gonger vart han uroleg, og ofte vart han driven til sjølvskading. At tankane kan bli råka ser vi også i Johannes (kap. 13, 2). Det var djevelen som gav Judas tanken om at han skulle forråda Jesus, les vi.

I Efesarbrevet fortel Paulus at djevelen sender brennande piler mot oss. At dette handlar om vonde tankar, blir klargjort av Johannes Krysostomos. Det dreier seg om freistingar og........

© Dagen