Politikk for ei balansert utvikling i Innlandet
Folketalsutvikling eller folketalsavvikling? Inkludering eller utanforskap? Kva er det som påverkar dette? Kva er det vi ynskjer for innlandssamfunnet? Fylkeskommunen skal ha ei samfunnsutviklarrolle, men tek vi den i stor nok grad i bruk? Kan vi bli betre?
SSB har kome med nye prognoser for folketalsutvikling som gjev ein peikepinn på korleis det går. Tala er også påverka av innvandring. Samtidig tek ikkje desse prognosene omsyn til planar om nedleggingar eller oppstart av bedrifter og offentlege funksjonar, framtidige infrastrukturprosjekt, bustadbygging eller liknande. Dette er hendingar som kan ha stor påverknad på befolkningsutviklinga i ei kommune, står det på Innlandsstatistikk sine sider.
I mars 2021 uttala fylkesutvalet i Innlandet seg til «NOU 2020:15 Det handlar om heile Norge» at vi no meir enn nokon gong treng ein offensiv distriktspolitikk.........
