Politisk nedfrysing
GJESTEKOMMENTAR: Ein ny tv-serie, ein nobelprisvinnar og ein sprø president kastar lys over korleis vi bør handtere tidas store utfordringar.
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
Her i huset fyrer vi med ved for tida. Det er kaldt geopolitisk også. Ukraina-krigen og den russiske aggresjonen gjer alliansesamhald livsviktig, så sviktar altså USA. Geopolitikken påverkar det økonomiske handlingsrommet for politikarane fordi forsvaret må få meir. Og kommunane er alt pressa.
Korleis kan vi bli betre rusta? Ein nobelprisvinnar, ein ekspresident og indirekte også Trump gir same peikepinn for politikken.
– Trur du dei vil huske meg i historia?
Året var 1881. James A. Garfield, den 20. amerikanske presidenten, kjende på seg at han ikkje ville overleve skadane etter attentatet mot han, sjølv om det hadde gått ei tid. Den gode kona hans trudde knappast på det sjølv, men ho gav han trøyst: – Du vil få ein stor plass i historia. Så føydde ho til: – Og i hjarta til dei som held av deg.
Scenen oppfor er frå den fine TV-serien Death by lightening (Netflix), laust basert på verkelege hendingar. Garfield vart etter kvart hugsa og respektert fordi han starta ein reformprosess som gjorde America great. Arbeidet tok til med å få inn kompetanse i........
