Ap-skandalen illustrerer ei ny medietid. Konsekvensane for demokratiet er usikre
Ferje, løgn og videosnutt
GJESTEKOMMENTAR: Ap-skandalen illustrerer ei ny medietid. Konsekvensane for demokratiet er usikre.
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
Det vert uhorveleg merksemd rundt dei få sakene som vert snakkisar i dagens medierøyndom. Dette er ein måte å summere opp dei siste to åra i norsk politikk på, jamfør den følgjande saksrekkja. Hausten 2023 var det Erna Solberg og aksjeskandalen som kravde all merksemd – før det neste store temaet seinhausten i 2024 vart den uduglege Støre, ifølgje opinionsklimaet, og internt Ap-opprør mot han. Men så vart Støre brått populær att i vinter då også Jens Stoltenberg, som alle likar, vende tilbake til norsk politikk.
No har det snudd på ny. Eit meiningstrykk går ut på at dei to saman med Vestre er sjølve løgnarane i landet. Det spørst likevel om temaet varer lenge nok til å gje større konsekvensar, sjølv om mange på høgresida no ønsker å få klistra eit varig løgnmerke på Ap. I realiteten har vel fleire sine svin på skogen.
Ferje og studentgjeld-skandalen til Arbeidarpartiet og sakene oppfor kan illustrere ein ny medierøyndom. Tidvis vert jamvel mainstreammedia til myggsvermmedia der alle vil ha sin bit av byttet. Kvar er den felles politiske samtalen vår på veg?
To motstridande prosessar skjer på same tid. Først betyr oppdelinga i mange medieflater forvitring. Men så vert........
