I mars i fjor drog sju tenåringar til ein skulegard i Stavanger for å drikka. Det gjekk veldig, veldig gale
«Alt var feil. Bare feil.»
KOMMENTAR: I mars i fjor drog sju tenåringar til ein skulegard i Stavanger for å drikka. Det gjekk veldig, veldig gale.
Solveig G. SandelsonKommentator
– Det var ganske stress, og eg var ganske redd. Prøvde å rista på henne.
– Eg trudde dei var normale personar.
– Det er altfor mange folk, for mykje lyd, alle ler, alle er fulle, ingen vet kva dei gjer.
– Eg tenkte ikkje heilt riktig, ikkje som eit vanleg menneske.
– Eg skulle ønska vi aldri hadde møtt dei den dagen.
– Eg var redd ho var død.
– Det er vondt å tenkja på korleis ho har det. Eg får ikkje sova.
Alt dette har blitt sagt i Sør-Rogaland tingrett denne veka. I ei alvorleg sak, der alle er svært, svært unge.
Tre tenåringsgutar er tiltalte. For grov valdtekt, for medverknad til grov valdtekt, for å ha utført andre seksuelle overgrep på den same fornærma jenta, og for å ha forlate henne i hjelpelaus tilstand. For valdtekt av den andre fornærma. Alle dei tre har bakgrunn frå Syria. Begge jentene var under 14 år då det skjedde, to av dei tiltalte gutane var mellom 16 og 18, ein skal ha vore 18. Det er saka frå i mars i fjor som nå har nådd tingretten.
Det er ein svært alvorleg tiltale.........
