– Vi burde ha snakka meir om det store alvoret
Vi burde ha snakka meir om det store alvoret
KOMMENTAR: Trump, Putin, Ukraina, Europa. Vi tok ikkje uroa rundt oss inn i valkampen. Vi glapp på det.
Solveig G. SandelsonKommentator
Dei siste fire åra her. Den siste stortingsperioden. Eg har aldri opplevd så dramatiske endringar. Både rundt oss, og rett inn i kvardagen. Vi kan ikkje lenger stola på USA, vi veit ikkje lenger om landet faktisk klarer redda sitt eige demokrati, vi kan ikkje stola på kor presidenten deira vil hoppa, kva som opprører han nok til å reagera, eller kva som imponerer han nok til å la vera.
Europa må stå på eigne bein. Vi må klara å forsvara verdiane våre, også militært. Russlands brutale angrepskrig i Ukraina skjer i vårt nabolag. Og den grufulle krigen på Gaza verkar ustoppeleg.
Det har blitt dyrtid av dette. Vi har høge huslån i Norge, rentene på det lånet har halde seg smerteleg høge for mange. Matprisane har gått i taket, straumprisane likeså.
Alt det der, å kunna halda huset sitt varmt utan at det kostar deg skjorta, å kunna kjøpa skikkeleg mat til familien, å klara å eiga sitt eige hus, eller i det minste ein liten flik av eit hus, det har vore grunnleggjande viktig i det mange av oss, gjennom generasjonar, har tenkt er eit trygt liv.
Eg høyrde ikkje alle seierstalane måndag kveld, då det var heilt, heilt sikkert at det ville bli eit rødgrønt fleirtal, og........
