menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

⁠–⁠ Svært alvorleg for Mette-Marit

23 0
05.06.2026

Svært alvorleg for Mette-Marit

KOMMENTAR: Kronprinsesse Mette-Marits lungefibrose lungefibrose https://sml.snl.no/lungefibroseer nå livstrugande.

Solveig G. SandelsonKommentator

Vi visste det jo. At det er alvorleg. Så kom det likevel brått på. Kronprinsesse Mette-Marit er sett på lista for lungetransplantasjon. Dei som står på den lista, er så sjuke at forventa levetid, utan nye lunger, er under 1–2 år. Avvegingane som legane gjer, er at du må vera så sjuk at det er einaste utveg, men samtidig ikkje så sjuk at du ikkje toler påkjenninga med operasjon og rehabilitering. Donor-lunger må i tillegg passa til kroppen din. Og dei må på plass i løpet av få timar etter at dei er henta ut.

Altså må dei som ventar, alltid vera klare på svært kort varsel.

Norge kan få donor-lunger frå andre land, som er nære nok til at det kan gå. Det seier seg sjølv at det ikkje er sikkert at det finst passande lunger til rett tid, for dei som står i køen.

Dei siste vekene har vi sett kronprinsessa med nasekateter. Sjølv om det gir oksygenhjelp, gir det ikkje nok luft. Det er ikkje god nok hjelp, og det er inga varig........

© Aftenbladet