menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Etter olja er det kunnskapen som avgjer

15 0
05.11.2026

Etter olja er det kunnskapen som avgjer

KRONIKK: Når oljeeventyret går mot slutten, treng Stavanger-regionen eit universitet som kan ruste regionen for omstillinga.

Klaus MohnRektor og professor, Universitetet i Stavanger

Tv-serien Lykkeland fortalde historia om korleis ein kystby på Sør-Vestlandet blei landets oljehovudstad, med høg vekst og velstand basert på ein ressurs som ikkje let seg fornye. Fordelinga av naturressursar er eit reint sjansespel, og Stavanger vant jackpot.

Men gradvis tek oljen og gassen slutt. Den store testen blir då om ein region med høge løner og ei næring i særklasse kan lykkast med overgangen til ein normalsituasjon, der lønsnivået må tenast inn gjennom produktivitet, og ikkje gjennom superlønsemd. Det blir ei krevjande utfordring, både for den enkelte og for regionen.

Erfaringane frå andre ressursrike regionar gir grunn til ettertanke. For forskinga visar at tidlegare kolregionar i Europa og oljeregionar i USA står svakare i dag enn om dei aldri hadde oppdaga naturressursane. Eit fellestrekk er at ressursdrivne oppsving reduserer interessa for utdanning, som i sin tur legg ein dempar på produktivitet, nyskaping og etablering av nye føretak utanom ressurssektoren.

Denne tendensen finn ein også i Stavanger-regionen. Då oljeverksemda vart bygd opp på 1970-talet, var lønene for ufaglært arbeid så gode at fleire unge i regionen slutta på skulen før dei var........

© Aftenbladet