Denne journalisten ser Putin på som ein fiende
Åtte års fengsel for krigskritikk
KRONIKK: Hadde ikkje Ksenia Lutsjenko rømt Russland i tide, ville den ortodokse journalisten vore innelåst i ein av fangeleirane til Vladimir Putin. For å bli der i åtte år.
Johannes MorkenRedaktør, Stefanusalliansen
I 25 år har den russiske, ortodokse journalisten Kseniya Lutsjenko analysert korleis den russiskortodokse kyrkja i praksis er vorten eitt med den autoritære og krigerske staten som president Vladimir Putin har bygd opp. Under patriark Kirill har kyrkja vorte ein av dei ideologiske berebjelkane til regimet, «ein sjølvutnemnd vaktar av såkalla ‘tradisjonelle verdiar’».
I ei bok viser ho korleis kyrkja er blitt djupt innvoven i spreiinga av militarisme, homofobi og nasjonalt hat. Kyrkja er blitt ein viktig reiskap i å «manipulera russarar og spreia propaganda», som Lutsjenko nyleg formulerte det i eit intervju med tyske DW.
Lutsjenko har dokumentert kva som blir sendt på TV-kanalen Spas, driven av Moskva-patriarkatet – toppleiinga i kyrkja. Spas er med i gratis kanalpakke som alle husstandar får. Her vert det kringkasta rein hatretorikk. Folk i Ukraina vert stempla som «ukronazistar».
«Ortodoksi og zombiar»
Lutsjenko har sin eigen kanal på den krypterte appen Telegram, med namnet «Ortodoksi og zombiar». Ein zombie er som kjent eit........
