Er du ein av dei som tek ordet og aldri gir det frå deg igjen?
Når samtalen blir kidnappa av dei taletrengde
KRONIKK: Er du ein av dei som tek ordet og aldri gir det frå deg igjen?
Janne Tjensvoll StangelandUiS
Du sit i eit møte, eit selskap eller ein heilt vanleg kaffipause, der praten går av seg sjølv. Samtalen flyt, heilt til ein person tek ordet og held fast på det. Ei lita forteljing blir til ei lang utgreiing. Det kjem fleire detaljar, avstikkarar og ei rekkje poeng. Forsøk på å bryte inn på ein forsiktig måte hjelper ikkje. Til slutt sit vi att som stille tilskodarar til ein einetale vi ikkje lenger deltek i.
I mangfaldet av menneskeleg kommunikasjon er det eit trekk som openberrar seg for dei fleste av oss før eller sidan. Mange av oss er gode til å snakke og dårlege til å lytte. Resultatet er at fleire dialogar mellom folk ikkje lenger er samtalar, men forkledde monologar der éin person ytrar seg, og resten held ut av rein høflegheit og respekt for han som fører ordet. Mange av oss er òg varsame når den taletrengde personen har makt eller autoritet, når vi kjenner sympati for vedkomande, eller når vi manglar innsikt i det tema den prateglade personen har sterke meiningar om.
Så neste gong du tek ordet, kan du stille deg sjølv eit enkelt spørsmål: er dette framleis ein samtale? Eller har du nettopp gjort han til ein einetale der du sjølv står i sentrum?
Nokre røyster får større gjennomslag
I retorikken og kommunikasjonsteorien blir samtalen forstått som eit sosialt rom vi deler, ein møteplass der meining blir skapt mellom menneske. Det munnlege språket utgjer eit felles sosialt rom der menneske møtest og skaper meining saman. Gjennom........
