Stoltenbergs budsjett er berre ein kladd
Budsjettkladden er levert
KOMMENTAR: Jens Stoltenberg presenterte Ap-regjeringas forslag til statsbudsjett onsdag. Nå startar arbeidet med å gjera det om.
– Takk for forelesinga, sa Nikolai Astrup (H) frå Stortingets talarstol, til lett humring frå salen. Så la han til:
– Men dette budsjettforslaget er berre ein kladd.
– Dei gir med ei teskei og tek med ei sleiv, sa Sylvi Listhaug (Frp) til ein mikrofon ute i Vandrehallen.
Statsbudsjettdagen er politikkens julekveld. I månadsvis har folk landet over laga seg ønskelister over kva dei vil ha til neste år.
Så er dagen endeleg her. Det er som om gatene rundt Stortinget og regjeringskvartalet i Oslo sitrar av spenning. Sjølv om dei fleste som hastar gjennom det evinnelege osloske finveret er heilt vanlege folk som neppe aner halvparten av kva som går føre seg i maktas korridorar denne dagen.
Men inne i vandrehallen på Stortinget kryr det av spente folk. Av politikarar, organisasjonsfolk og journalistar. Så går endeleg finansministeren på talarstolen og avslører kven regjeringa meiner skal få kva.
Statsbudsjettdagen er politikkens julekveld.
Og akkurat som på julekvelden vil somme bli glade, andre skuffa. Med ei mindretalsregjering som er avhengig av støtte frå fire andre parti for å få budsjettet gjennom Stortinget, betyr det at fleirtalet vil vera skuffa. Ingen vil seia at dei har fått alt dei ønska seg. Alle........
