menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Fredsavtalen med Iran kan vera ekte. Men ingen trur heilt på Trump lenger

22 0
15.06.2026

Ulv, ulv! Fred, fred!

KOMMENTAR: Ulempa ved å påstå at freden er rett rundt hjørnet 38 gonger, er at det blir litt vanskeleg å tru på Donald Trump den 39. gongen.

Så skal det visst bli fred mellom USA og Iran. Igjen.

Donald Trump fekk altså oppfylt ønsket sitt til 80-årsdagen søndag, nemleg å kunna erklæra at USA og Iran nå er einige om ein fredsavtale. Han har sagt at ein fredsavtale er rett rundt hjørnet 38 gonger før. Utan at det har vore sant. Dermed har det, som så ofte i tilfellet Trump, blitt noko vanskeleg å tru på.

Men denne gongen blir også semja stadfesta av den iranske utanriksministeren og den pakistanske statsministeren, som har hatt ei viktig meklarrolle i konflikten. Så då får me vel tru at det er sant – den 39. gongen. I alle fall enn så lenge.

Den offisielle underteikninga av avtalen skal skje i Sveits på fredag, med USAs visepresident J.D. Vance – og kanskje Trump – til stades.

Nøyaktig kva fredsavtalen består i, er framleis uklart. Ingen utanfor forhandlingane har nemleg sett teksten.

Det er dermed også uklart kva Trump og USA har oppnådd etter å ha brukt milliardar av dollar på å bomba iranske mål og etter at tusenvis av menneske er drepne. Samtidig som USA har sendt ein torpedo inn i heile........

© Aftenbladet