menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Eg håpar Viking taper!

26 0
28.11.2025

Eg håpar Viking taper!

KOMMENTAR: Eg veit eg pressar ytringsfridommen til det ytste ved å skriva at eg håpar Viking taper søndag, men det får stå sin prøve. Men sanninga er at eg bryr meg ikkje om det blir gull eller ikkje gull søndag.

Heidi Hjorteland WigestrandJournalist

Men håpet om tap har lugga litt i mitt smålege indre i det siste, for i mine omgjevnadar, blir det messa om dette fotballaget absolutt heile tida.

Likevel føler eg meg litt stygg når eg skriv dette, for sanninga er vel eigentleg at eg ønsker Viking vinn for nokon og taper for andre, om det går an å forstå?

Eg nyt kjensla av å skriva eg håpar Viking taper, så eg gjer det ein gong til, for det er noko frigjerande å stå utanfor flokken akkurat no. Dette trur eg ikkje nokon siddis kan seia eller skriva, utan å samla stort vågemot. Dei har nok tause og stille dagar dei stakkars byasane som faktisk ikkje held så veldig med Viking.

Noko slikt er sjølvsagt langt lettare for meg å utbasunera som bur langt inne i ein fjord i Ryfylke. Sjølv held eg mest med Haugesund og det er fantastisk avslappande i desse dagar.

Viking kan godt tapa for dei overpriviligerte og sjølvgode bajasane av begge kjønn, som knapt veit kva motgang er, og som på fullt alvor meiner sølv er nederlag.

Heia Haugesund for alltid!

Eg jobbar ein stad der alle snakkar om Viking, dei tenker på Viking, vaker for Viking, ber for Viking, bannar for Viking, analyserer for Viking og drøymer om Viking, dei få sekunda dei måtte........

© Aftenbladet