menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Dei ivrigaste av oss skrollar fleire kilometer til dagen, på jakt etter kva?

33 0
30.12.2025

Eg skal berre sjekka noko!

KOMMENTAR: Barndommar og timar i våre vaksenliv forsvinn i eit svimlande tempo rett under fingrane våre. Algoritmane kjenner jo ingen aldersgrenser.

Heidi Hjorteland WigestrandJournalist

Bestefar mista lysten på bøker fordi han fekk eit hekt på youtube-videoar som syttiåring, og bestemor sit fast på Pinterest.

Me er alle fanga i algoritme-nettet, dopamin-junkiar som sit og fingrar med skjermane våre i timevis kvar dag. Dei ivrigaste av oss skrollar fleire kilometer til dagen, på jakt etter kva?

No har stadig fleire fått det for seg at ein skal prøva å få litt av tannkremen inn i tuba att? Men kan det gå godt?

Blir det skrolleskam nå?

Kan skrolling bli som røyking, eller blotting på bussen?

For tida er det mykje snakk om dei yngste. I Australia er unge under 16 år stengde ute frå sosiale medium. I Norge har ein også planar om å heva aldersgrensa for bruk av sosiale medium, og i mange skular prøver ein no å avgrensa barns tilgang til smarttelefon.

Smarttelefonane tek frå barn fri leik, leseglede- og evne. No sit dei med stiv nakke i sofaen og spelar Roblox med vener som sit i andre hus. Dei går til og frå skulen med nasen limt til telefonen, i klasseromma summar hjernane kvilelaust, dei tel ned til mobilhotellet endeleg blir låst opp.

For dei dopaminjaga elevane blir lærarane berre gråe bjeffande skuggar i krokane. Ingen vanleg dødeleg lærar eller stressball kan konkurrera mot Tiktoks tidtrøyte.

Smarttelefonfri barndom

Dei siste åra har kampen mot smarttelefonar og barns........

© Aftenbladet