SUS sin dårlege økonomi gav meg ei rakna ræv og eit fødselstraume
Rakna ræv og konsulentkink
GJESTEKOMMENTAR: SUS sin økonomi var alt svært pressa då eg fødte mitt første barn. Det førte blant anna til ei rakna ræv og eit fødselstraume for meg.
Dorrit VignesStipendiat i leiing, Organisasjonspedagog
Tidleg 2010-tal fødte eg mitt første barn på Sjukehuset i Stavanger. Journalen omtalar fødselen som ukomplisert. For meg var det eit traume. Eg fekk to paracet og lystgass som smertelindring. Sistnevnte blei etter kvar teken frå meg «fordi du begynner å tale som en lille pige». På eit tidspunkt sokk hjartelyden til barnet og jordmor tok saksa i eigne hender. Alle som har hatt ei rift i dongeribuksa veit kor lett ho blir større ved press. Barnet kom trygt ut og eg sat igjen med ein sfinkterruptur 3a.
Etterpå måtte morkaka ut og den stod bom fast. Det er sikkert eit vanleg syn på fødestove å sjå kvitkledde menneske dra i navlestrengen for å få morkaka ut gjennom eit kjøtsår. Hadde eg vore mindre smerteprega, ville eg sett humoren i det. Fødestove og kalvefødsel er overraskande likt.
I forkant av fødselen hadde eg vore oppteken av å oppføre meg fint. Eg veit eg kan vere skarp i kantane, så eg var oppteken av at fagfolka skulle få gjere jobben sin. Då barn og morkake var ute og jordmor begynte å grafse for å sjekke klippets tilstand, fekk eg likevel nok. Resignert sende ho meg vidare i........
