Kjære mannfolk - kvifor er de overrepresenterte?
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I 2020 var 87 prosent av dei som vart anmeldt for ruskøyring i Noreg menn. Dette er ein trist statistikk - at mannfolka er stabile fyllekøyrarar.
Eit raskt googlesøk på mannfolk og ruskøyring viser at dette er noko som har skjedd over heile landet heilt fram til i dag, då mange ulike aviser skriv om det.
Kvifor er det slik? Kva kan vi alle gjere for å redusere fyllekøyringa, og då først og fremst hjå menn?
Det er nok ulike årsaker til at folk køyrer i ruspåverka tilstand. Førebyggjande arbeid i skular, idrettslag, fritidsklubbar og andre lag og foreiningar er viktig. Dette at ein oppmodar kvarandre til å ikkje kombinere rus og ferdsel i trafikken er alltid eit gode.
Snu trenden
IOGT har programmet Sterk&Klar med opplegg for foreldre, personar med minoritetsbakgrunn og idrettsleiarar om korleis........
© Tidens Krav
