Fjern gjerne Pride-flagget frå Batnfjord skule
Meninger
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Sommarferien har starta, medan flagget vaiar i skulegarden. Det er ikkje det norske flagget som heng der. Men det heng tungt, spør du meg - med sine seks «sørgjerenner». I dag, ein elles regntung dag. Det er ikkje for seint å ta det ned!
Eg undrast på om Gjemnes kommune eigentleg veit kva dei er med på å fremje, når Pride-flagget blir heisa til topps, og attpåtil i en skulegard for barn?
Kjønnsideologien
Pride er ei politisk markering, der regnbogeflagget blir nytta som eit ideologisk symbol. For mange er nok flagget fortsatt eit symbol på mangfald, og retten til å elske den ein vil. Men det er og tett knytt til FRI, ei foreining som i dag fremjer politiske krav som mellom anna;
- Auka tilgang på kjønnsskiftebehandling.
- Umiddelbar innføring av ein tredje juridisk kjønnskategori.
- Ekteskap med fleire enn to partar.
- Utgreiing og iverksetjing av ei ny barnelov som inkluderer fleire juridiske foreldre, og altruistisk surrogati i Norge, samt........
© Tidens Krav
