Høgre krev dyrare ferjer og drivstoff
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Av offentlege inngrep skal samfunnet tungast ned, er sikkert mottoet til Høgre her i fylket når dyrare ferjer og drivstoff er målet.
Fire gongar har Høgre kjempa for å sette opp ferjetakstane her i fylket, og såleis brote samarbeidet mellom dei fire borgarlege partia og budsjettet for 2025 som alle var enige om.
FrP, Høgre, KrF og Venstre fremma felles heilheitleg fylkesbudsjett i fylkestinget i desember. Gleda var stor når det lukkast å få til eit glimrande budsjett med fortsatt rasjonalisering av fylkeshuset, satsing på vidaregåande skular, inga nedlegging, og fortsatt nødvendig satsing på samferdsel. Eit godt samarbeid mellom partia var grunnlaget for eit godt budsjett, og stemninga var meget god mellom dei fire borgarlege partia.
I spagat
Gleda varte ikkje lenge når FrP, KrF og Venstre vart vitner til at Høgre enda ein gong braut samarbeidet minuttet etter fellesbudsjettet var vedteke, og gjekk over til SP, AP og SV og vedtok kraftig ferjetakstaukar etter framlegg frå Dahl og co i Høgre.
To takstsonar vart denne gongen resultatet, som altså er fjerde gongen takstsone blir tvinga opp kraftig med Høgre. Tusenvis av kronar dyrare for vanlige folk som skal på jobb og er avhengige av ferjer, og ein kraftig auke av ferjekostnadane for næringslivet vart fasiten med Høgre.
Ikkje berre vil dette partiet tvinge alle til el-bilar, med dyrare drivstoff og vanvittige klima og miljøtiltak, ferjedrifta skal tydelegvis også takast. KrF og Venstre stå stødig ilag med FrP og holder sine valgløfter. Høgre derimot, framstår meir eller mindre i spagat på kva side dei egentlig er i politikken her i fylket.
No står vi igjen med eit parti Høgre, som slett ikkje sørger for........
© Tidens Krav
![](https://cgsyufnvda.cloudimg.io/https://qoshe.com/img/icon/go.png)