menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Et norsk mat eller støtt global urettferd

8 0
14.01.2025

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I over eitt år har eg vore norsketarianar, altså berre ete mat produsert med norske råvarer i Noreg. Kvifor?

Jo, fordi maten vi vel på butikken handlar om å støtte opp om den norske sjølvforsyninga, beredskapen, norske arbeidsplassar og å støtte bøndene som kvar dag jobbar for å produsere det som er verdas reinaste og beste mat. Kosthaldet har likevel ikkje berre vore ein dans på roser, og her er tre ting du kanskje ikkje visste om norsk matproduksjon og matsystemet i Noreg.

Berre tre prosent dyrka mark

I tillegg til å vere norsketarianar har eg odel på eit lite sauebruk, og etter eg er ferdig med studia er planen å ta over garden og drive den slik generasjonar før meg har gjort. Noreg er eit land beståande av mykje fjell og ulent terreng, og berre tre prosent av landarealet vårt er dyrka mark. Noko av det mest berekraftige ein kan ete er norsk raudt kjøt frå dyr som har beita i utmarka og oppretthaldt kulturlandskapet og biologisk mangfald.

Ein enorm makt

Gjennom dei siste tre åra med Senterpartiet og Ap i regjering har det vore ei ordentleg satsing på norsk jordbruk og matproduksjon. Uavhengig av kven som sit i regjering meiner eg at dei tre store daglegvarekjedene har uforholdsmessig stor makt – og det er dei som reellt sett styrer mykje av jordbrukspolitikken. Saman kontrollerer Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 over 95% av marknaden, og er dei som avgjer om maten i butikkhylla er norsk eller importert. Altfor ofte opplever eg diverre det sistnemnde.

Import

Visste du at over halvparten av all maten vi et i Noreg vert importert frå utlandet? Til og med land i Afrika og Asia, som vi vanlegvis ikkje likar å samanlikne oss med,........

© Tidens Krav


Get it on Google Play