menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Trygdeoppgjeret manglar ein sosial profil

10 0
11.06.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Pensjonistforbundet, pensjonistane i Forbundet Styrke, SAKO- samarbeidet og SAFO leverte inn sine krav til trygdeoppgjeret 2025 den 19. mai i år.

Trygdeoppgjeret skil seg ut ved at det vert gitt eit prosentvist tillegg til alle pensjonistar og uføre, same kva nivået på pensjonen eller trygda er.

Tidlegare hadde minstepensjonistar ein noko meir gunstig regulering enn andre pensjonistar, men frå 2022 vart det lik regulering, og det vert ikkje teke noko omsyn til dei som har den svakaste økonomien - minstepensjonistane.

Fleirtalet på Stortinget har vedteke at reguleringa av pensjonen skal gjerast med eit gjennomsnitt av løns- og prisveksten, og ikkje gjennom reelle forhandlingar.

Dette gjer at Trygdeoppgjeret manglar ein sosial profil, og dersom inntektsutviklinga for pensjonistar skal få ein solidarisk form, er det avgjerande at Stortinget tar grep gjennom statsbudsjettet og revidert budsjett. Det er ingenting som seier at Stortinget ikkje kan fatte vedtak om ekstraordinær auke av pensjonane over statsbudsjettet.

Kronetillegg

Dei siste 10 åra har reguleringa av pensjonen ikkje vore nok til å oppretthalde pensjonistane si kjøpekraft, auken på pensjonane har vore på 2,9 prosent og prisveksten 3,2 prosent i denne perioden.

Pensjonistar og uføre har for det meste........

© Tidens Krav