menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

«Kan bygdene framleis reddast»

6 0
previous day

Bør Knarvik barneskule leggjast ned, eller pausast i nokre år?

Det kan vera vondt å forstå og lesa om du bur i Knarvik, men enkelte bygder har lest slikt om skulen sin dei siste 40–50 åra, nokre år etter år. Håpar du forstår, skriv Steinar Haukås.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Knarvik barneskule nyttar under 50 prosent av kapasiteten, sjølv om han var bygga for 450 elevar.

Knarvik barneskule nyttar under 50 prosent av kapasiteten, sjølv om han var bygga for 450 elevar.

Kommunalsjefen stadfesta at prognosane var feil, og bygget på sviktande grunnlag som bør granskast.

Kommunalsjefen stadfesta at prognosane var feil, og bygget på sviktande grunnlag som bør granskast.

Forslag inkluderer mellombels pause, utleige, og skyssing til naboskoler for å unngå vidare svekking av bygdene.

Forslag inkluderer mellombels pause, utleige, og skyssing til naboskoler for å unngå vidare svekking av bygdene.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Lesarbrev: Alver kommune er i ei skjebnetid: Skal bygdene svekkjast, eller kan vi framleis redda dei? Kan Knarvik og bygdene rundt spela på lag i ei krevjande tid?

Nyleg har vi via media fått vite at elevtalet ved Knarvik barneskule er under 50 % av kapasiteten, på ein skule dimensjonert for 450 elevar – og som etter prognosane skulle vera nær full i 2029.

Kommunalsjef for oppvekst har samstundes stadfesta at desse prognosane hadde vesentlege feil. Skulen er med andre ord bygd på sviktande grunnlag.

Kven tek ansvar, når dei same miljøa no lagar nye prognosar?

Skulen kosta om lag 240 millionar kroner då han stod ferdig i 2019. Dette framstår som eit alvorleg avvik som bør granskast.

Samstundes ligg skulen sentralt og kan nyttast til andre føremål, til dømes vidaregåande tilbod, fagopplæring eller vaksenopplæring. Utleige kan bidra til å dekkja driftskostnader, medan idrettsdelen framleis kan nyttast av lag og organisasjonar.

Det er heller ikkje urimeleg at elevar i Knarvik vert skyssa til naboskular, slik elevar andre stader allereie vert skyssa til Knarvik. Leiknes og Alversund har kapasitet til å ta imot fleire elevar.

Utfordringane er fleire:

Barnefamiliar etablerer seg i mindre grad i Knarvik, trass i gode tilbod.

Barnefamiliar etablerer seg i mindre grad i Knarvik, trass i gode tilbod.

Dette skuldast ikkje berre demografi, men også manglande tilrettelegging og kanskje ei overdriven framstilling frå administrasjonen.

Dette skuldast ikkje berre demografi, men også manglande tilrettelegging og kanskje ei overdriven framstilling frå administrasjonen.

Når skulen er bygd på feil premiss og belastar økonomien, er det rett å halda han open dersom det går ut over bygdene rundt?

Når skulen er bygd på feil premiss og belastar økonomien, er det rett å halda han open dersom det går ut over bygdene rundt?

Nabobygdene har attraktive bustadområde som bør utviklast raskare for å trekkja til seg barnefamiliar. Då treng ein aktive politikarar og målretta marknadsføring.

Nabobygdene har attraktive bustadområde som bør utviklast raskare for å trekkja til seg barnefamiliar. Då treng ein aktive politikarar og målretta marknadsføring.

Ein mellombels pause av Knarvik barneskule kan vera ei løysing:

5. Skulen kan leigast ut og bidra økonomisk.

6. Etter 5–10 år kan han takast i bruk att dersom utviklinga snur.

7. Samstundes må ein utnytta nye bustadområde, som på Fyllingsnes/Eikanger, der det no kjem omfattande infrastruktur og mange nye bueiningar.

Dersom ein held fram som no, risikerer ein å forsterka nedgangen både i Knarvik og i bygdene rundt. Med ei felles løysing kan ein i staden styrkja kvarandre og skapa ein meir berekraftig utvikling – til beste for økonomien og framtida til Alver kommune.

Lesarbrevet er redigert og korta ned på grunn av lengd, men Haukås har fått det tilsendt før publisering for gjennomlesing og godkjenning.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen