«Kanskje må me stille oss spørsmålet om det no er tid for å innføre eigedomsskatt»
Bratshaug peikar på utfordringane, men kor er løysingane?
Øyvind Bratshaug har rett i ein ting, nettopp at den økonomiske situasjonen i Alver er alvorleg, skriv Marius Hellan Hindenes (V).
Marius Hellan Hindenes
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Det er noko me alle har vore klar over lenge. Det er derfor veldig rart å lese eit innlegg som brukar mange avsnitt på å forklare utfordringane, men som ikkje kjem med eitt einaste konkret forslag til korleis ein som kommunestyrerepresentant ønsker å løyse dei.
Det som overaskar meg mest er likevel at Bratshaug skriv som om han står utanfor ansvaret for utviklinga. Bratshaug valde å gå over til Senterpartiet og har vore med på styringa av Alver kommune i første halvdel av........
