Stor takksemd over denne nye høyrselsteknologien!
Julaftan og 17. mai på same dag!
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Går det an? Nei, sjølvsagt ikkje, men det kjendest sånn 12. februar då eg fekk to splitter nye høyreapparat, med heilt ny høyrselsteknologi. I tillegg fekk eg ein duppeditt som eg kan kopla til fjernsynet og som vil senda lyd direkte frå fjernsynet til dei nye høyreapparata. Og som ikkje det var nok, fekk eg same dag Rogermikrofon som er ein tilleggsmikrofon for å få meir lyd til høyreapparatet når det trengst.
Rogermikrofonen er til god hjelp for eksempel når ein sit 12 stykke rundt bordet i eit middagsselskap, ved eit restaurantbord eller i ei kyrkje eller anna forsamlingslokale. Eg kan leggja Rogermikrofonen på bordet ved familiemiddagar og restaurantbesøk eller halda han i handa og retta han mot den eg vil lytta til.
Eg kan også hengja Rogermikrofonen rundt halsen på den eg vil høyra på, anten det er ein familiemedlem eller presten i kyrkja.
Høyresentralen på Haukeland sjukehus skaffa meg høyreapparat og fjernsynsboks. Syns- og audiopedagogisk teneste skaffa meg Rogermikrofon og gav meg god opplæring i bruk av høyrselsutstyret og Appen på telefonen som gjer at eg kan bruka han som fjernkontroll til høyreapparata.
Eg fekk også opplæring i korleis eg ved hjelp av Bluetooth kan få lyd frå PC direkte til høyreapparat. Det gjer det mykje lettare for meg å vera med på Teamsmøte, noko som har vore ei stor utfordring i seinare tid.
Eg kjenner på stor takksemd og glede over denne nye og gode høyrselsteknologien! Heldige meg som får tilgang til alt dette svært nyttige utstyret, og NAV betaler. Det er all grunn til å betala skattekronene med glede, når ein får så mykje tilbake!
Eit lite hjartesukk vil eg også koma med. Eg måtte venta 19 månader på nye høyreapparat med tilleggsutstyr fordi det er så lange ventelister. I desse 19 månadane hadde eg berre eit brukbart høyreapparat. Berre dei som har prøvd det, veit kor krevjande det er.
Det er stor mangel på audiografar ved Høyrselsklinikkane i landet vårt. Kanskje ein høyrselsklinikk med høyrselslege, audiograf og audiopedagog i Knarvik kunne vore med å avhjelpa dei lange ventelistene?
To oppfordring til alle politikarane i Nordhordland:
1. Ta godt vare på den interkommunale tenesta SAPT – Syns- og audiopedagogisk teneste. Den betyr så mykje for mange!
2. Arbeid for å få ein høyrselsklinikk til Nordhordland. Det er det stort behov for!
fylkesstyremedlem i Hørselsforbundet Vestland
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
