«Med ei snittløn under 9000 er kvardagen tøff»
Inntrykk frå ei reise til Moldova
At Moldova er fattig syner seg ikkje minst i eit allestadsnærværande vedlikehaldsetterslep – i vegstandard, i bustader, i offentlege bygg, skriv styremedlem i Hjelp Moldova, Øyvind Strømmen.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Eg veit ikkje heilt kvifor den gamle kinoen i Soroca greip slik tak i meg. Kanskje vart den slitne bygningen – og laushundane som tusla utanfor – eit slags symbol på Moldova sine utfordringar.
Dei står i kø. Moldova er blant Europas fattigaste land, og den fattigdomen er tydelegast utanfor hovudstaden. Landet er slåande vakkert, frodig og grønt, men på landsbygda lever mange i enkle kår. Moldova slit dessutan med omfattande utvandring. Der landet i 1991 hadde over........
