Fornorskingsforkjemparen skyt vilt igjen
Under tittelen «Svein Lunds sin fornorskningsfortelling er fortsatt feil» skyt Finnmarks fremste fornorskingsforsvarar Jarl Hellesvik igjen villt for å hindre ei oppretting etter hundre år med fornorsking av samar og kvenar. Bodskapen hans er som alltid at fornorskinga var bra og naturlig og at ingen samar har blitt undertrykt av den norske staten. Metoden hans er også den same som han har brukt i fleire tiår, med ubehøvla åtak på alle som er usamde med hans syn og komplette forståing.
Denne gongen er det eg som får unngjelde, men eg er i svært godt selskap. Tilsvarande behandling har han gitt noverande og tidligare samiske leiarar, forskarar på samisk historie, osv. osv. I desse åtaka har han ofte nytta metoden med å «ta mannen i staden for ballen», med personlige åtak langt utover det som ein kvar folkeskikk og presseskikk tillet. Denne gongen er det bakgrunnen min frå Telemark som blir brukt til å gjøre meg ukvalifisert til å uttale meg om........
© Ságat
