Sju språk – men berre eitt får snakke høgt
Men då ungdomsskulen kom, endra alt seg.
I Måløy blei vi delt.
Dei frå ytrebygdene – Skatestraumen, Kvalheim, Vedvik og Vågsvåg – blei samla i ei «nynorskklasse», medan bokmålselevane frå byen fekk si eiga.
Det høyrest kanskje uskyldig ut, men eg hugsar kjensla då vi møttest.
Vi nynorskborn blei sett litt ned på. Som om språket vårt var mindre verd. Som om det å skrive slik besteforeldra våre gjorde, var eit teikn på at vi hang etter.
Eg kjende det på kroppen – den stille rangeringa. Og eg veit eg ikkje var den einaste.
For det handlar ikkje berre om ord og grammatikk. Det handlar om tilhøyring, identitet – og respekt.
Seinare i livet har eg budd over heile landet. Frå sør til nord, frå by til bygd. Og eg ser det same mønsteret gå igjen:
Nynorsk blir mobba, teia ned, gløymd.
Folk ler av dialektar, kallar dei «søte», eller seier «du taler dialekt, du» – som om bokmål ikkje også er ein dialekt, frå austlandsområdet, med røter i dansk.
Og eg........





















Toi Staff
Gideon Levy
Tarik Cyril Amar
Mort Laitner
Stefano Lusa
Mark Travers Ph.d
Andrew Silow-Carroll
Robert Sarner