Perletur eller folkevandring? – når naturen får midtstripe
Eg var på tursti. I Ryfylke. På det som visstnok skal vere ein «perletur» og eller tursti.
Ei vakker øy med gangbru. Historisk sus. Sjø, vind og stein. Eg gjekk der i det eg vil kalle ein respektfull spankuleringstakt – ein slik fart som gjer at ein faktisk ser naturen, ikkje berre gjennomfører ho.
Men det viste seg fort: Eg var ikkje på tur Eg var i trafikken.
Det byrja med lyden. Sand som knasa bak meg. Taktfast. Nærmare. Nærmare.
Eg stoppa. Sleppte han forbi. Han gjekk målretta, som om naturen var ein etappe, ikkje ein stad.
Eg byrja å lure: Er det eg som går feil – eller er det noko med heile opplegget?
Så kjem neste situasjon. Ei ung jente med hund. Eg nærmar meg........
