menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Ein varsla politisk fiasko

15 0
previous day

Ein varsla politisk fiasko

Borgfreden skulle skjerme det offentlege rommet i sørgjeperioden. I staden avslørte han at politikarane ikkje stoler på kvarandre.

FRED ER EI DET BESTE: Borgfreden bygde på mistillit og rigide reglar, ikkje på fleksibilitet, skjøn og tillit til dei folkevalde. Då gjekk det som det måtte, skriv Håvard Nyhus.

Det starta bra. Same dag som helsetilstanden til kong Harald vart verre, byrja ei pakt å ta form:

Dei folkevalde skulle leggje all strid til side og skjerme det offentlege rommet for partipolitisk støy.

Etter modell frå det tyske Burgfrieden, som påla alle innanfor bymurane å leggje ned våpena, skulle ein borgfred senke seg over norsk politikk ein periode.

Borgfred (frå tysk Burgfrieden) er eit omgrep som stammar frå tysk mellomalder. Det viste opphavleg til ei plikt om å halde fred innanfor eit avgrensa område, som ei borg, ein by eller ein jurisdiksjon. I dette området var det strengt forbode å bruke makt eller kjempe med våpen.

Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dag. Klokka 06.35 sovna kong Harald inn.

På Stortinget svara sekretariatsleiarane i Ap og Frp med å teikne ned ei lang og sirleg liste over kva det inneber å setje tann for tunge.

Lista omfatta innlegg i sosiale medium, bedriftsbesøk, møte med eksterne aktørar og «annan politisk kommunikasjon». Her gjaldt det å ikkje ta nokre sjansar.

Og det vart kveld, og det vart morgon, fjerde dag.

Les også Forvirring om politisk........

© NRK