Regelrytteriet har gått for langt. No trengst det meir anarki
Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Her i landet er me ganske glade i lovar og reglar. Når me verkeleg skal slå ut håret og finna fram vår mest nasjonalistiske side, ja, då tar me på oss bunaden, viftar med flagget, og feirar ei lov.
Ja, vi elsker lovar og reglar. Som de stiger frem.
Og, jada. På mange måtar er lovar og reglar sivilisasjon, velferd og velstand.
No ser det derimot ut til å ha bikka over ei grense. Ja, både næringslivet og lokaldemokratiet er i ferd med å verta skvist under vekta av paragrafane.
Nyleg kunne du lesa om entreprenørselskapet Sartor & Drange her i BA. Dei har rekna seg fram til at dei berre for å dokumentera kva verktøy dei tilsette har fått opplæring i å bruka, må dei fylla ut over 45.000 skjema.
Så ille er det, ifølge Kåre Bjorøy som er prosjektsjef i selskapet, at om ein tilsett har fått opplæring i ein drill frå Bosch, kan selskapet hamna i trøbbel om den tilsette skadar seg medan han brukar ein nærmast identisk drill med eit anna merke.
Nyleg måtte selskapet betala ei bot fordi ein tilsett skada seg i samband med ein gravemaskinvelt.
Sjølv om den erfarne anleggsarbeidaren hadde lang erfaring med bruk av gravemaskin, mangla selskapet spesifikk dokumentasjon på at han hadde fått opplæring i bruk av akkurat dette gravemaskinmerket.
Selskapet er audmjuke på at velten ikkje burde ha skjedd. Men hevdar at rett dokumentasjon og opplæring ikkje hadde hindra velten i å skje.
Likevel måtte dei ut med 300.000 kroner i bot.
Les også:© Nettavisen
