Alt Donald Trump drøymer om, men aldri vil oppnå
Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen
Kommentaren gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Kva gir du eigentleg til den som har alt?
Det var kanskje spørsmålet Jonas Gahr Støre stilte seg, før han saman med Jens Stoltenberg denne veka besøkte verdas mektigaste mann.
Pengar? Nei.
Sokkar? Sjølvsagt ikkje.
Noko fint i gull til å plassera på peishylla? Så absolutt ikkje.
Jonas Gahr Støre, eller den som no eigentleg kom opp med ideen, kom i staden på ei nærmast latterleg genial gåve.
Eit bilde av det som Donald Trump inst inne drøymer om å vera. Men som er heilt uoppnåeleg for den mektigaste mannen på planeten.
Eit bilde som vart den optimale samtalestartaren.
I gullramme, innpakka i ei raudbrun eske, og drapert med blått stoff, overrekte nemleg den norske statsministeren eit gammalt fotografi.
Eit bilde av ein sju år gammal prins som klappar ein hund.
Ikkje nokon kva som helst prins. Nei, det er truleg verdas mest folkekjære og populære monark ein ser på bildet.
Ja, kong Harald. Vår konge.
Det er heller ikkje ein kva som helst slags hund prinsen klappar. Nei, det er hunden til ein av dei aller beste presidentane USA har hatt.
Franklin D. Roosevelt.........
© Nettavisen
