Lat kronprinsen verne om flokken sin
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
«Bildene forteller en historie kongehuset neppe ønsker», skriver kongehusekspert Tove Taalesen i Nettavisen.
Dette er saken: Kronprinsen setter privatlivet foran tjenesten
«Institusjonen først» er ei høfleg formulering for noko langt enklare: Vi vil vite meir.
Eg las nyleg innlegget som hevdar at bilete frå kongehuset fortel ei historie dei helst ikkje vil vise. Taalesen meiner kronprinsen set privatlivet framfor tenesta. At dette er upassande. Feil.
Men kanskje fortel desse bileta ei heilt anna historie.
Vi lever i eit samfunn der vi – heldigvis – snakkar stadig meir om psykisk helse. Vi seier til kvarandre at menneske kjem før prestasjon. At det er lov å trekkje seg tilbake når livet krev det. At familien og dei næraste må få vere viktigast.
Det prinsippet må gjelde for alle. Også for dei som lever livet sitt i kongefamilien.
Likevel skjer noko merkeleg når kongehuset står i ei vanskeleg tid. Plutseleg gjeld ikkje lenger dei verdiane vi elles hevdar å stå for. Då heiter det at institusjonen må kome først. At plikta må trumfe det private.
Men kva betyr eigentleg det?
Ofte betyr det berre éin ting: at vår eiga nysgjerrigheit skal tilfredsstillast.
At vi vil vite meir. Sjå meir. Få fleire bitar til vårt eige puslespel.
Les også: Nå er det på tide å sette en fot i bakken
Lat kronprinsen verne om flokken sin
Klangen er velkjend i vår tid:
Vi seier det handlar om institusjonen. Men i praksis handlar det om publikum si forventning om tilgang.
Kanskje er det nettopp her kronprins Haakon skil seg ut.
Det verkar ikkje som han først og fremst tenkjer på publikum sitt behov for forklaringar. Han tenkjer på menneska rundt seg. På dei næraste. På flokken sin.
Og er det eigentleg så merkeleg?
I eit land der vi stadig løftar fram verdien av dei nære tinga – familien, venene, fellesskapen – burde det vere lett å forstå.
Vi seier at psykisk helse er viktig. At det er lov å setje grenser. At menneske ikkje berre er rollene sine.
Men dersom desse prinsippa berre gjeld for oss andre – og ikkje for dei som tilfeldigvis er fødde inn i kongehuset – då er dei kanskje ikkje så djupt forankra likevel.
Eg meiner tvert imot at kongehuset står sterkare når vi hugsar ein enkel ting: Bak institusjonen finst det menneske.
Les også: Løpet kan være kjørt for Mette-Marit
Når kong Harald i nyttårstalane sine minner oss om at «det er ein styrke å be om hjelp», at «vi treng kvarandre», og at livet av og til gjer vondt, snakkar han om noko grunnleggjande menneskeleg.
Då verkar det merkeleg når vi hyller desse orda – samstundes som vi krever at nettopp kongefamilien skal leve etter eit heilt anna prinsipp. At institusjonen alltid må kome først, og menneska etterpå.
Med mindre desse menneska er oss.
For då skal vi kome først.
Kongen har fleire gonger sagt at vi treng kvarandre. At vi må løfte blikket og sjå menneska rundt oss.
Desse menneska rundt oss er også Marius. Haakon. Mette-Marit. Og flokken deira.
Dei er ikkje vår flokk. Dei er sin.
Kor langt er vi som publikum villige til å gå? Å presse eit menneske litt til. Litt til. Litt til.
Det kan likne på å drive nokon bakover mot eit stup. Ingen veit heilt kvar kanten går. Ingen veit nøyaktig når grensa er nådd.
Men vi veit éin ting:
Når stupet først kjem, då er det for seint.
Og då står vi att med alle dei rause orda om psykisk helse.
Store ord. Tomme ord.
Kanskje er det ikkje kongehuset som bør spørjast kva slags verdiar dei står for.
Kanskje er det vi andre.
