menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Stopp striden rundt Førde legekontor

8 0
12.06.2025

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Førde Bygdalag meiner det er avgjerande for lokalsamfunn og folkehelse at legekontoret i Førde vert vidareført og styrka.

Førde legekontor blei oppretta på 1920-talet og var lenge det einaste legekontoret i Sveio. I dag er kontoret eit livsviktig tilbod til om lag 2.000 pasientar/innbyggjarar i nordre del av kommunen. Eit lokalt legekontor sikrar nærleik og tryggleik for sårbare grupper som eldre og kronisk sjuke. Ei sentralisering til Sveio sentrum vil auka reisetid og risiko for at innbyggjarar droppar eller utset nødvendig legebesøk, med potensielt alvorlege helsemessige konsekvensar.

Covid-19-pandemien viste kor viktig det er med lokale beredskapspunkt og fleksibilitet i helsetenesta. To separate legekontor reduserer risikoen for smittespreiing og sikrar at tenesta held fram sjølv om eitt kontor må stengja midlertidig.

Sveio har i dag ein av dei mest stabile fastlegeordningane i regionen. Den såkalla «Sveio- modellen», med fleire mindre kontor, er attraktiv for legane sjølve og sikrar gode arbeidsforhold og nærleik til pasientane. Fastlegane i Sveio har offentleg uttrykt at dagens modell fungerer svært godt, og at dei ikkje ønskjer ei sentralisering. Nedlegging kan truga rekrutteringa og stabiliteten blant legane, noko som igjen vil svekke helsetilbodet.

Politikarane i Sveio har ved........

© Haugesunds Avis